I desember har eg plutseleg sakna Noreg litt, meir bestemt adventstida i Noreg. Dei driv ikkje med sånt i Frankrike! Første år uten kalender, det er nesten ikkje julelys i gatene (med unntak av lysfesten då sjølvsagt), ingen har noko i vindauga (sjølv om ein kan finne mykje jalla i Noreg då, ikkje minst dei amerikanskinspirerte blinkande husa!), ingen kakebaking/juleverksted! Så, eg måtte ta saken i eigne hender. Første stopp: Ikea!
Og denne søndagen, St.Lucia, inviterte eg alle fransk/norske til julefeiring. Alle dei franske her har vore på utveksling i Noreg og fleire av dei snakkar t.o.m norsk!
Thibaud trylla også fram fransk julemiddag søndag kveld!
Og for dokke som synes det blir litt mange matbilder, hold dokke fast: Amerikanske matmums Claire har overtalt meg til å gjere to ting med blogen etter nyttår: 1) gjere mat til den raude tråden 2) skrive på engelsk (så ho kan lese den) - eg trur eg vil klare å poste oftare då og, så matblog it is! (tar uansett nesten alltid bilde av maten, sidan det stadig er nye fancy ting – slik blir det med middagsordning mellom fire nasjonaliteter)
Claire og Kaye seier sjølv at planlegger sine reiser delvis utifrå kulinariske perspektiv, dei snakka i veker både før og etter om dei belgiske pommes frites’a dei skulle ete på helgetur til Brussel. Claire kan sperre opp augene og sei “Kva hadde dokke til middag i går? Kva var ingrediensane? Fortell!” og Kaye har uttalt følgande på pastabaren vi går til ein gong i veka “Fusili is soooo good, it’s probably one of my top 5 pasta shapes” Kor mange pastaformer finnes det eigentleg? Det er alltid ein glede å ha dei på middag ettersom dei er over seg av begeistring “did you make this from scratch? this is sooo delish, Claire, how much is this just what you wanted most in the world right now?”







desember 20, 2009 ved 7:31 pm |
hoi!
eg heia på matblogg.
oppskrifter, middagstips for fattige studentar
jajajaja!
gleda meg til jul!